SMARAGD 1967 – 1976

Per og Reidar kjøpte ei snurpenot i 1965. Nota leigde dei ut. Dette var starten på Smaragd as. Hausten 1967 kjøpte dei snurparen ”Smaragd” frå Ervik-rederiet på Kvamsøy og stifta ”Partsrederiet Smaragd”. Båten vart som ny, overlevert frå verftet i 1946, som kombinert linebåt og snurpar. Den hadde då stått på beddingen på Liaaen gjennom heile krigen. Verkstaden hadde drege arbeidet ut i tid for å forhindre at tyskerane rekvirerte båten. Ved overleveringa sto det i Sunnmørsposten: ”Fartøyet vart levert frå A.M. Liaaen med en høgst prisverdig sendrektighet”. Båten var 126 fot og hovudmotoren var en 375HK Liaaen. Motoren vart i 1969 skifta ut med ein 600HK Alpha. Båten lasta opphaveleg 2400 hl, men etter ombygging auka kapasiteten til 3800 hl. P/R Smaragd eigde båten fram til hausten 1976, då vart den seld til Hallvard Møgster og fekk namnet ”Virando”. ”Virando” vart kondemnert i 1981.

 

 

 

 

 

 

 

BJOGNA 1977

Det var kontrahert nybygg frå Vågland Skipsbyggeri. Medan dei venta på at nyebåten skulle verte ferdig, kjøpte dei ”Bjogna” frå Averøy. Den var bygd som trålar i 1955 i Hull i England, og heitte opphaveleg ”St..Bartalomeo”. Den var 170 fot lang, 8,5 meter brei og lasta 2800 hl. Hovudmotoren var en 960 HK British Polar. Denne båten vart driven i eit år før den vart lagd i opplag. I 1980 vart den seld til Kåre Misje i Austevoll og ombygd til stand-by farty.

 

 

 

 

 

 

SMARAGD 1978- 1996

Nyebåten vart overlevert våren 1978, og gjekk direkte på kolmulefiske. Den lasta 5500hl, var 43,5 m lang og 9 m brei. Hovudmotoren var ein 1700Hk Normo. I 1981 vart båten forlenga med 8 meter, og lasta etter dette ca. 9000 hl. Seinare vart båten forlenga bakover. Den fekk då ei totallengd på 55 meter. I 1986 vart båten nedgira, det vart montert nye vinsjar og sett på bakk. I 1990 vart det sett inn ny hovudmotor, ein 3600Hk Caterpilar, og bygd nytt overbygg. Hausten 1996 vart båten seld til Austevoll og fekk namnet ”Møgsterhav”.

 

 

 

 

 

 

MS SMARAGD 1997 – 1999

Før jul i 1996 inngjekk reiarlaget avtale om å kjøpe ”Zeta”, og i januar vart båten overteken og omdøypt til ”Smaragd”. Båten var bygd i 1979 som ”Ole Bakk” ved Th.Hellesøy Skipsbyggeri. Den var 70,6 meter lang, 11,02 meter brei og lasta ca. 1600 tonn. Hovudmotoren var en Wichmann 3600HK. Båten vart i 1999 seld til naboane, reiarlaget ”Leinebjørn”.

 

 

 

 

 

 

MS SMARAGD 1999

Sommaren 1999 fekk rederiet overlevert sitt andre nybygg. Denne gongen frå Solstrand verft i Tomrefjord. ”Smaragd” er 68,10 m lang, 12,60 m brei og har ein lastekapasitet på 1600 tonn.Hovudmotoren er ein 5870 hk MaK.